|
|
|
Korpset vann Nordvestmeisterskapet i marsjering |
|
|
|
|
Ein stolt marsjinstruktør |
|
|
|
Lov å bli sliten på stemne |
|
|
|
|
|
|
Korpset har denne helga vore på Eid og delteke på stemne. Vi toppa ei flott helg med å vinne Nordvestmeisterskapet i marsjering.
Helga frå 17.-19.06 deltok korpset på stemne på Eid. Vi overnatta på Fjordane folkehøgskule, i romslige og fine "hytter" der det var kjekt å vere både for born og vaksne. Været var langt over det vi har vore van med denne våren/sommaren. Strålande sol det meste av laurdagen og heile søndagen gjorde sitt til at spelegleden var på topp. Korpset deltok på oppmarsj laurdag og søndag, og speling i gatene på laurdag. Det flotte været gjorde at vi i tillegg hadde ein ekstrakonsert etter middag på laurdag.
Årets korps er ikkje så stort men vi tok sjansen på at vi var gode nok til å kjempe om seieren i årets meisterskap. Det var mange korps på stemnet, men få som ville vere med på konkurranse. Uansett så er vi strålande nøgde med å vinne pokalen for andre gong på to forsøk. Tilbakemeldingane frå dommarane seier at sjølv om vi ikkje er så mange så er det flott å både sjå og høyre oss. Vi fekk tips om kva vi kan bli betre på, og skryt som inspirerer oss til å vere med fleire gonger.
Turen til Eid var siste oppdrag for dirigent Bakketeig. Frå hausten er Marianne Valeberg Nornes tilbake som dirigent. Takk til Lars Einar for innsatsen i to år.
|
|
|