Kaupanger skule- og ungdomskorps
Kaupanger skule- og ungdomskorps
 • Velkommen    • Jubileum 2016    • Informasjon    • Bilder    • Korpset    • Historie    

 

 

   Informasjon
    - 17. mai 2013
    - Marknad og konsert 6.april
    - Økonomisk og musikalsk suksess på marknaden
    - Stemne på Eid
    - Korpset på scenen i kulturhuset
    - Leik og moro på øving
    - Seminar og marknad
    - 17.mai 2015
    - Vossablås 2015
    - Bygdi Rundt
    - Oppdatering på Facebook
    - Hurra for 17.mai
    - Snart 17.mai
    - Skulekorps på Kaupanger
    - Marknad 2013
    - Julekonsert 2012
    - 17.mai med korpset
    - Ekte korpsbryllup
    - Kafèkonsert i Skogly
    - Korpsmarknad i Skogly
    - 17. mai 2012
    - Kalendar 2012
    - Stemne på Lillehammer
    - Korpset vann Nordvestmeisterskapet i marsjering
    - Marknad i Nortun
    - Uteøving
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
 

 

 

 





Stemne på Eid
 
 
 
 

Eit lite men motivert korps reiste til Eid på korpsstemne 20.-22.juni.

Det var ikkje alle musikantane som kunne vere med denne helga, med hjelp av eit par gode vikarer kunne vi stille opp og spele både marsjer og underhaldningsmusikk.

Dei fleste reiste til Eid fredags kvelden og var innlosjerte på Sentrum hotell. Vi leigde alle romma på dette vesle hotellet og åt fleire måltid her i tillegg til at vi brukte mykje tid på Operahuset.

Laurdag var vi med på oppmarsjen frå skulen til kulturhuset, før vi spelte utanfor eit forretningsbygg saman med to andre korps. Vi spelte "Napoleonsmarsj", "King of the Road", "Glade musikanter" og "4D Blues". Den siste med ein flott solo av Eirik på trombone. Tilbakemeldingane frå publikum var svært gode.

Etter speling måtte to av trommeslagarane reise til Stryn og dømme fotballkamp, så mange av borna reiste på bading. Ein del av dei vaksne prøvde shoppingmuligheitene på Eid, litt av feriepengane vart nok liggande att. Om kvelden var vi på ein flott konsert i idrettshallen, alternativet var å prøve "Band Hero" der resultata var svært varierande.

Søndag var det fleire workshops og seminar der medlemmene i korpset var med på tre ulike. Under avslutningssermonien fekk dei vise det hadde lært, både speling uten notar og dans.

Korpset hadde ein fin tur med mykje moro og godt samhald. Været var veldig variabelt og det hadde nok vore bruk for fleire varme klede enn det vi hadde med oss. Så det var greit å komme heim til Sogn der vinden var mildare og temperaturen låg meir enn 5 grader over det Nordfjord kunne varte opp med.

Sesongen 2013/14 er over og vi gledar oss allerede til hausten. Det er varsla comback frå fleire tidlegare medlemmer så det ser lovande ut for at vi fortsatt kan stille med eit speledyktig korps. Men det er sjølvsagt alltid plass til fleire.