Kaupanger skule- og ungdomskorps
Kaupanger skule- og ungdomskorps
 • Velkommen    • Jubileum 2016    • Informasjon    • Bilder    • Korpset    • Historie    

 

 

   Informasjon
    - 17. mai 2013
    - Marknad og konsert 6.april
    - Økonomisk og musikalsk suksess på marknaden
    - Stemne på Eid
    - Korpset på scenen i kulturhuset
    - Leik og moro på øving
    - Seminar og marknad
    - 17.mai 2015
    - Vossablås 2015
    - Bygdi Rundt
    - Oppdatering på Facebook
    - Hurra for 17.mai
    - Snart 17.mai
    - Skulekorps på Kaupanger
    - Marknad 2013
    - Julekonsert 2012
    - 17.mai med korpset
    - Ekte korpsbryllup
    - Kafèkonsert i Skogly
    - Korpsmarknad i Skogly
    - 17. mai 2012
    - Kalendar 2012
    - Stemne på Lillehammer
    - Korpset vann Nordvestmeisterskapet i marsjering
    - Marknad i Nortun
    - Uteøving
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
 

 

 

 





17. mai 2012
 
 
 
 
Ingen 17.mai uten korps. 17. mai er den dagen i året då flest bygdafolk legg merke til korpset, og det er den dagen då flest hadde sakna oss dersom vi ikkje stilte opp. Trass i at vi ikkje er så mange så var korpset nok ein gong med på å gjere feiringa av nasjonaldagen vellukka på Kaupanger.

Vi starta med å marsjere frå kaien til kyrkja, været var overraskande bra og mange av dei som bur nede i Kaupanger hadde møtt opp for å gå i tog med oss.

Nytt i år var at vi samlast på skulen for å ete brunsj mellom toga. Leiaren vår, Dag Olav, hadde diska opp med brød og godt pålegg, juice og kaffi. Dette bør absolutt bli ein tradisjon i kommande år.

Klokka 12 stilte vi opp ved butikken for å gå runda rundt byggefeltet og til skulen. Tove måtte marsjere uten notar, men jammen var det god lyd av ho uansett. (Tips: finn du notar så lever dei til eit korpsmedlem ved første høve) Været var perfekt for korpsmusikantar, lettskya og ikkje så varmt. Saman med oss gjekk ein stor gjeng med aspirantar, dei fekk delta med duskebæring og bar stolt uniform ute for første gong.

Vel framme på skulen spelte korpset og aspirantane saman, både Spania og Kongesangen. Dei nye aspirantane er mange og dei er ikkje redde for å blåse så det vert skikkelig lyd. Det er lenge sidan korpset har hatt aspirantar som kan blåse så høgt og flott, dette lovar veldig bra for åra som kjem.

Korpset er ferdig med nok ein 17. mai og no er det korpsstemne på Lillehammer som står for tur. Vel blåst alle saman!

Send meg gjerne bilder av korpset dersom du har, det er ikkje så enkelt å få teke gode bilder når du både skal marsjere og spele:)