Kaupanger skule- og ungdomskorps
Kaupanger skule- og ungdomskorps
 • Velkommen    • Jubileum 2016    • Informasjon    • Bilder    • Korpset    • Historie    

 

 

   Informasjon
    - 17. mai 2013
    - Marknad og konsert 6.april
    - Økonomisk og musikalsk suksess på marknaden
    - Stemne på Eid
    - Korpset på scenen i kulturhuset
    - Leik og moro på øving
    - Seminar og marknad
    - 17.mai 2015
    - Vossablås 2015
    - Bygdi Rundt
    - Oppdatering på Facebook
    - Hurra for 17.mai
    - Snart 17.mai
    - Skulekorps på Kaupanger
    - Marknad 2013
    - Julekonsert 2012
    - 17.mai med korpset
    - Ekte korpsbryllup
    - Kafèkonsert i Skogly
    - Korpsmarknad i Skogly
    - 17. mai 2012
    - Kalendar 2012
    - Stemne på Lillehammer
    - Korpset vann Nordvestmeisterskapet i marsjering
    - Marknad i Nortun
    - Uteøving
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
 

 

 

 



Konsentrerte aspirantar før speling.


Korpsmarknad i Skogly
Deler av aspirantkorpset
 
Deler av aspirantkorpset
 
Dirigent og marknadsgeneral.
 
Dirigent og marknadsgeneral.
 
Årets marknad vart avvikla 25.mars. I år prøvde vi ein ny vri som viste eg å bli ein suksess, marknaden vart avvikla på litt over tre timar inkludert konsert. Marknaden starta med konsert saman med Norane skule- og ungdomskorps kl 16. Dei to korpsa har hatt nokre felles øvingar etter jul og resultatet viste at dette har fungerte svært godt. Korpsa var i toppform og den gode klangen i Skogly gjorde konserten til ei stor oppleving både for musikantar og tilhøyrarar. Dirigentane Marianne Valeberg Nornes og Arild Slinde byttar på å dirigere følgande nummer:
Satin Doll, Facinating Drums, Pirates of the Carribean, Get me to the Church on time, Kom sommarvind, Music to watch Girls by og til slutt Jordbær og Grasbrann.

Etter konserten var det kaffi, kaker og loddsal. Det var informert på førehand om at det kun vart tre omgonger med åresal og dette gjorde at salget gjekk kjapt unna. Folk tømde lommebøkene sine og gevinstane vart delt ut i rekordfart av ivirige aspirantar.

Kveldens høgdepunkt var opptreden av aspirantkorpset. Vi har i år 14 aspirantar og 12 av dei var med på marknaden. Først spelte korpset Aurelia og så var det fellesnummeret Spania der aspirantane verkeleg fekk vist at dei kan spele rette notar med godt volum. Kjempeflott. Aspirantane spelte deretter i to grupper, Kom og høyr på hornmusikk og Rock. Det svinga godt av begge låtane. Hovedkorpset avslutta med Get me to the Church on Time.

Leiar Dag Olav Osen delte ut aspirantsekkar til alle aspirantane som vart presentert og applaudert. Det vart også delt ut 3-års medalje til Marcus Wefring Osen og 7-års medalje til Eirin Vedvik. To dyktige trommeslagarar som har veldig mykje å bidra med inn i korpset. Dirigenten fekk også blomster, både fordi ho har gjort ein svært god jobb og fordi ho fylte 30 år dagen etter. Mykje erfaring i ei så ung dame!

Etter dette var det trekning av hovedgevinster og gjennomgangslodd. Heile marknaden var ferdig til kl 19.30 og korpset hadde då fått inn kr 70.000,- Det er ny rekord og årets marknad viser at det er fullt mulig å tenkje nytt uten at det påverkar resultatet.

Godt jobba alle musikanter, foreldre, aspirantar, dirigentar og marknadsnemnd.

Takk til Oddvar Walaker for bildene. Du finn fleire bilder frå marknaden under fana "Bilder". Dersom det er fleire som har bilder frå marknaden så send dei gjere til liv.menes@enivest.net så skal dei bli lagt ut på heimesida.