Kaupanger skule- og ungdomskorps
Kaupanger skule- og ungdomskorps
 • Velkommen    • Jubileum 2016    • Informasjon    • Bilder    • Korpset    • Historie    

 

 

   Informasjon
    - 17. mai 2013
    - Marknad og konsert 6.april
    - Økonomisk og musikalsk suksess på marknaden
    - Stemne på Eid
    - Korpset på scenen i kulturhuset
    - Leik og moro på øving
    - Seminar og marknad
    - 17.mai 2015
    - Vossablås 2015
    - Bygdi Rundt
    - Oppdatering på Facebook
    - Hurra for 17.mai
    - Snart 17.mai
    - Skulekorps på Kaupanger
    - Marknad 2013
    - Julekonsert 2012
    - 17.mai med korpset
    - Ekte korpsbryllup
    - Kafèkonsert i Skogly
    - Korpsmarknad i Skogly
    - 17. mai 2012
    - Kalendar 2012
    - Stemne på Lillehammer
    - Korpset vann Nordvestmeisterskapet i marsjering
    - Marknad i Nortun
    - Uteøving
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
 

 

 

 



Bilde frå reportasjen til Fjordabladet. Foto: Anna Wuttudal


Korpset vann Nordvestmeisterskapet i marsjering
Ein stolt marsjinstruktør
 
Ein stolt marsjinstruktør
 
Lov å bli sliten på stemne
 
Lov å bli sliten på stemne
 
 
 
Korpset har denne helga vore på Eid og delteke på stemne. Vi toppa ei flott helg med å vinne Nordvestmeisterskapet i marsjering. Helga frå 17.-19.06 deltok korpset på stemne på Eid. Vi overnatta på Fjordane folkehøgskule, i romslige og fine "hytter" der det var kjekt å vere både for born og vaksne. Været var langt over det vi har vore van med denne våren/sommaren. Strålande sol det meste av laurdagen og heile søndagen gjorde sitt til at spelegleden var på topp. Korpset deltok på oppmarsj laurdag og søndag, og speling i gatene på laurdag. Det flotte været gjorde at vi i tillegg hadde ein ekstrakonsert etter middag på laurdag.

Årets korps er ikkje så stort men vi tok sjansen på at vi var gode nok til å kjempe om seieren i årets meisterskap. Det var mange korps på stemnet, men få som ville vere med på konkurranse. Uansett så er vi strålande nøgde med å vinne pokalen for andre gong på to forsøk. Tilbakemeldingane frå dommarane seier at sjølv om vi ikkje er så mange så er det flott å både sjå og høyre oss. Vi fekk tips om kva vi kan bli betre på, og skryt som inspirerer oss til å vere med fleire gonger.

Turen til Eid var siste oppdrag for dirigent Bakketeig. Frå hausten er Marianne Valeberg Nornes tilbake som dirigent. Takk til Lars Einar for innsatsen i to år.