Kaupanger skule- og ungdomskorps
Kaupanger skule- og ungdomskorps
 • Velkommen    • Jubileum 2016    • Informasjon    • Bilder    • Korpset    • Historie    

 

 

   Informasjon
    - 17. mai 2013
    - Marknad og konsert 6.april
    - Økonomisk og musikalsk suksess på marknaden
    - Stemne på Eid
    - Korpset på scenen i kulturhuset
    - Leik og moro på øving
    - Seminar og marknad
    - 17.mai 2015
    - Vossablås 2015
    - Bygdi Rundt
    - Oppdatering på Facebook
    - Hurra for 17.mai
    - Snart 17.mai
    - Skulekorps på Kaupanger
    - Marknad 2013
    - Julekonsert 2012
    - 17.mai med korpset
    - Ekte korpsbryllup
    - Kafèkonsert i Skogly
    - Korpsmarknad i Skogly
    - 17. mai 2012
    - Kalendar 2012
    - Stemne på Lillehammer
    - Korpset vann Nordvestmeisterskapet i marsjering
    - Marknad i Nortun
    - Uteøving
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
 

 

 

 





Marknad 2013
 
 
 
 
 
 
10.03 vart årets korpsmarknad arrangert og det vart ein stor suksess. Korpset har endra på marknaden sin dei siste åra, vi har ikkje lengre arrangement på Palmesøndag og marknaden tek halvparten så lang tid som før. Dette har vist seg å gi gode resultat, både fordi korpsmedlemmane har fått fri i påsken og fordi inntektene er like gode som før.

Forhåndssalet var rekordstort i år, vi tok inn nesten 40.000,- på å gå på dørene og selgje på senteret. Bygdefolket er flinke til å støtte oss.

Marknaden starta med konsert, hovedkorpset og aspirantane spelte fem nummer henta frå filmen si verd. Aspirantane las litt om kvart stykkje først. Vi spelte musikk frå Politiskolen, Ringenes Herre, Grease, James Bond og Ghostbusters. Når vi blir så mange så vert det flott lyd, spesielt i eit lokale som Skogly. Kjempekjekt:)

Etter konserten var det sal av årer og lodd samt kaffi og kaker. Pengane sat laust hos stolte foreldre og besteforeldre, ja hos alle dei andre også. Salet gjekk kjapt unna og vi kunne nok ha solgt minst ein omgang til med årer, men vi var ferdige ca 17.30 slik vi hadde tenkt.

Så vart det klart for aspirantane igjen. Dei underholdt med flott musikk, både saman som gruppe og enkeltvis. Det er ein flott gjeng, uredde og musikalske alle saman. Dei yngste aspirantane spelte til slutt "Spania" saman med korpset. Deretter spelte korpset og aspirantane to stykkjer saman som avslutning.

Hovedtrekninga gjekk kjapt unna og vi sat til slutt att med over 66.000 kroner i resultat.

Tusen takk til marknadsnemnda Jorunn, Anne og Ulf som nok ein gong sto for alt det praktiske. Korpsmedlemmene har solgt lodd og tigga gevinstar. Aspirantane med foreldre har solgt lodd og stått for baking og drift av kjøkkenet.

Og sist, men definitivt ikkje minst, tusen takk til dirigent Marianne og aspirantinstruktør Ingrid som har hatt full kontroll på det musikalske.