Kaupanger skule- og ungdomskorps
Kaupanger skule- og ungdomskorps
 • Velkommen    • Jubileum 2016    • Informasjon    • Bilder    • Korpset    • Historie    

 

 

   Informasjon
    - 17. mai 2013
    - Marknad og konsert 6.april
    - Økonomisk og musikalsk suksess på marknaden
    - Stemne på Eid
    - Korpset på scenen i kulturhuset
    - Leik og moro på øving
    - Seminar og marknad
    - 17.mai 2015
    - Vossablås 2015
    - Bygdi Rundt
    - Oppdatering på Facebook
    - Hurra for 17.mai
    - Snart 17.mai
    - Skulekorps på Kaupanger
    - Marknad 2013
    - Julekonsert 2012
    - 17.mai med korpset
    - Ekte korpsbryllup
    - Kafèkonsert i Skogly
    - Korpsmarknad i Skogly
    - 17. mai 2012
    - Kalendar 2012
    - Stemne på Lillehammer
    - Korpset vann Nordvestmeisterskapet i marsjering
    - Marknad i Nortun
    - Uteøving
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
 

 

 

 





17. mai 2013
 
 
 
 
 
 
Nok ein flott feiring for korpset. Som vanleg starta dagen med marsjering frå kaien til kyrkja. Været var flott og det var mange hadde valgt å gå saman med oss i finværet.

Etter første toget hadde vi frukost/lunsj (brunsj?) på skulen.To jenter i 9.klasse hadde sett fram brød og pålegg, kaffi og juice. Det er veldig kjekt med eit slikt sosialt tiltak, og fint å kunne støtte elevbedriftene på skulen samstundes.

Hovedtoget gjekk frå Kaupangsenteret kl 12.15. Korpset går midt i toget og det var spesielt langt i år. Det var derfor ikkje alle som fekk høyre kor godt vi spelte, men vi har fått beskjed frå Jan-Tore Eresberg om at det var god kvalitet, spesielt på nedgangane i bassen.

Etter at vi kom inn på skuleplassen spelte vi "Ja, vi elsker" og deretter saman med aspirantane "Kongesangen", "Napoleonsmarsj" og "Spania". Det var flott innsats frå alle og spesielt dei yngste skal ha ros. Dei spelte med kraft og mot slik at lyden bar heilt bak på bakerste rad.

Nok ein flott nasjonaldag er ferdig og korpset har starta førebuingane mot stemne som i år er i Bø i Telemark.

Vil du sjå fleire bilder så finn du det under fana "Bilder" øverst på sida.