Kaupanger skule- og ungdomskorps
Kaupanger skule- og ungdomskorps
 • Velkommen    • Jubileum 2016    • Informasjon    • Bilder    • Korpset    • Historie     • Gjestebok  

 

 

   Informasjon
    - Oppdatering på Facebook
    - Marknad og konsert 6.april
    - Økonomisk og musikalsk suksess på marknaden
    - Stemne på Eid
    - Korpset på scenen i kulturhuset
    - Leik og moro på øving
    - Seminar og marknad
    - 17.mai 2015
    - Vossablås 2015
    - Bygdi Rundt
    - 17. mai 2013
    - Snart 17.mai
    - Hurra for 17.mai
    - Skulekorps på Kaupanger
    - Marknad 2013
    - Julekonsert 2012
    - Ekte korpsbryllup
    - Kafèkonsert i Skogly
    - 17.mai med korpset
    - Korpsmarknad i Skogly
    - 17. mai 2012
    - Kalendar 2012
    - Stemne på Lillehammer
    - Marknad i Nortun
    - Korpset vann Nordvestmeisterskapet i marsjering
    - Uteøving
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 57 676

 

 

 



Vi gjer oss klar til speling.


Vossablås 2015
 
 
 
 
 
 

Tur til Voss i sol og regn.

Årets korpstur gjekk til Voss og Vossablås 2015. Dei fleste reiste fredag kveld og vart innkvartert på vandrarheimen der vi låg på 6-manns rom.

Laurdagen starta med oppmarsj gjennom Voss sentrum samtidig med at deltakarane i sykkelrittet Bergen-Voss kom i mål. Så det var mykje folk i sentrum og til vår store overraskelse var det sol. Etter oppmarsjen spelte korpset konsert på taket på Voss kulturhus. Vi kunne nok ha tenkt oss ein konsertstad med meir publikum, då vi starta var det kun dei som var med korpset på tur som fekk gleda av å høyre på. Eit helikopter i bakgrunnen gjorde sitt beste for å forstyrre oss, men vi gjennomførte ein flott konsert der vi spelte "King Size", "Hip to be Square", "Napoleonsmarsj", "Flåklypa" og " Uranusmarsj". Det er grunn til å trekke fram spesielt slagverkarane Ørjan og Anton som gjorde ein kjempejobb godt styrt av ei myndig Eirin. Og sjølvsagt Eirik som spelte solo på Hip to be Square.

Etter lunsj reiste born og ungdommar til Voss klartrepark der dei fekk utfordra eigne grenser i spennande aktiviteter før det var grilling og quiz ved Vangsvatnet. Om kvelden var det konsert i Idrettshallen, først med eit regionskorps og deretter med eit rockabilly-band som hadde utspring i korpset på Voss. Vi lot oss imponere av bassisten som var betydelig lågare enn kontrabassen, men som likevel spelte fletta av heile gjengen. Kvelden vart avslutta med diskotek.

Laurdag var det oppmarsj i pøsande regnvær. Vi vart både våte og kalde, men det såg ikkje ut som om det påverka humøret. Dette blir i alle fall ein dag vi kjem til å hugse lenge. Etter avslutning med fellesnummer var det middag og så rett heim.

Sesongen vart avslutta med Bygdi rundt, reportasjon om dette kjem i helga.




Utskriftsvennlig versjon