Kaupanger skule- og ungdomskorps
Kaupanger skule- og ungdomskorps
 • Velkommen    • Jubileum 2016    • Informasjon    • Bilder    • Korpset    • Historie     • Gjestebok  

 

 

   Informasjon
    - Oppdatering på Facebook
    - Marknad og konsert 6.april
    - Økonomisk og musikalsk suksess på marknaden
    - Stemne på Eid
    - Korpset på scenen i kulturhuset
    - Leik og moro på øving
    - Seminar og marknad
    - 17.mai 2015
    - Vossablås 2015
    - Bygdi Rundt
    - 17. mai 2013
    - Snart 17.mai
    - Hurra for 17.mai
    - Skulekorps på Kaupanger
    - Marknad 2013
    - Julekonsert 2012
    - Ekte korpsbryllup
    - Kafèkonsert i Skogly
    - 17.mai med korpset
    - Korpsmarknad i Skogly
    - 17. mai 2012
    - Kalendar 2012
    - Stemne på Lillehammer
    - Marknad i Nortun
    - Korpset vann Nordvestmeisterskapet i marsjering
    - Uteøving
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 59 260

 

 

 





Seminar og marknad
 
 
 
 

Våren er travel og kjekk for korpsmusikantane. Les litt om kva vi har brukt tid på etter jul.

Korpset sin marknad er eit viktig arrangement, både musikalsk og økonomisk. Dei siste åra har vi starta marknaden med konsert og for å vere ekstra godt førebudde hadde vi seminar 27.-28.februar. Det var henta inn flinke instruktører, Oddgeir Øren frå Årdalstangen, Elin-Nina Fossheim frå Gaupne og Espen Haukås frå Bergen. Mykje av seminaret var gruppeøvingar der vi fekk terpa på detaljer i dei stykkja vi skulle spele. Veldig nyttig musikalsk og kjekt sosialt!

 

Marknaden var søndag 22.03. Vi åpna konserten med St. Thomas, deretter spelte vi Scarborough Fair, Theme Varie, Michael Jackson Hit Mix og King Size. Eit variert og krevande program der alle instrumentgruppene hadde utfordringar.

Etter avslutta åresal spelte korpset på nytt St.Thomas og Scarborough Fair før aspirantane fekk vise kva dei kan. Og det er ikkje lite! Vi fekk den eine imponerande framføringa etter den andre, dei spelte enten åleine eller to saman, alle med nydelig tone i instrumentet og full kontroll. Både stolte foreldre, besteforeldre og garva korpsmusikanter vart rørte for her er det mykje å glede seg til i åra som kjem. Korpset avslutta med Uranusmarsj som også klang usedvanlig godt denne kvelden.

Marknaden er ei viktig inntektskjelde og i år fekk vi inn ca 63.000,- Takk til bygdafolket og næringslivet for velvilje.

(har du bilete frå marknaden så send dei gjerne til liv.marit.menes@gmail.com)

 




Utskriftsvennlig versjon