Fredag 7.11. deltok deler av korpset i forestillingen "Norsk reisning", Riksteateret sin jubileumsforestilling i samband med 200-års jubileet for grunnlova.
Før forestillinga underheldt vi publikum med marsjar i foajeen. Deretter var korpset med på avslutningsnummeret , "Ja, vi elsker". Korpset fekk sett første akt av stykkjet som var morsomt med mykje sang og musikk. Etter forestillinga fekk vi skryt av skodespelarane for god gjennomføring. Ein kjekk kveld, det er moro å få vise seg fram for eit nytt publikum.
|