Kaupanger skule- og ungdomskorps
Kaupanger skule- og ungdomskorps
 • Velkommen    • Jubileum 2016    • Informasjon    • Bilder    • Korpset    • Historie     • Gjestebok  

 

 

   Informasjon
    - Oppdatering på Facebook
    - Marknad og konsert 6.april
    - Økonomisk og musikalsk suksess på marknaden
    - Stemne på Eid
    - Korpset på scenen i kulturhuset
    - Leik og moro på øving
    - Seminar og marknad
    - 17.mai 2015
    - Vossablås 2015
    - Bygdi Rundt
    - 17. mai 2013
    - Snart 17.mai
    - Hurra for 17.mai
    - Skulekorps på Kaupanger
    - Marknad 2013
    - Julekonsert 2012
    - Ekte korpsbryllup
    - Kafèkonsert i Skogly
    - 17.mai med korpset
    - Korpsmarknad i Skogly
    - 17. mai 2012
    - Kalendar 2012
    - Stemne på Lillehammer
    - Marknad i Nortun
    - Korpset vann Nordvestmeisterskapet i marsjering
    - Uteøving
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 53 052

 

 

 





Kafèkonsert i Skogly
 
Kvar haust arrangerer Kaupanger bygdakor kafekonsert, og det er tradisjon at korpset deltek på denne. Årets program var variert og underhaldande. Koret opna konserten med vakker song, denne gong med dirigentvikar Ragnhild. Før pause underholdt også Krudlalaget og dansegruppa Inspire.
Etter kaffipause med mange gode kaker og loddsal spelte korpset tre nummer: "Big spender", "Sommarfuggel i vinterland" og "United Nation". Trass i at det ikkje var mulig å varme opp så gjekk konserten bra, vi sleit litt med starten men det tok seg opp etter kvart. Å spele i Skogly med god akustikk er alltid like overraskande etter alle øvingstimane i formingrommet. Kjekkast var det at vi hadde med fire aspirantar på konserten: Nina, Anette, Ingrid og Louise. Dei bidrog med flott lyd og god klang. Og på neste konsert får vi med enno fleire.

Kom og høyr oss på idrettslaget sin marknad på søndag, ca kl 17.30.
Og er det nokon som har bilder frå konserten så send dei gjerne til meg: liv.marit.menes@gmail.com (det er ikkje så lett å spele og ta bilder samtidig)



Utskriftsvennlig versjon