Marknaden starta med konsert der Norane skule- og ungdomskorps deltok saman med det lokale korpset. Vi spelte ca ein halv time, programmet var variert med både kjente og ukjente stykkjer. Alt vart stødig styrt av dirigent Marianne. Korpset fekk mange positive tilbakemeldingar etter konserten.
Etter åresal og kaffi/kaker var det aspirantane som fekk vist seg fram. Dei spelte åleine og saman med hvoedkorpset, her var det mykje talent og innsatsvilje. Dei eldste aspirantane fekk vist at dei er klar for å gå inn i hovedkorpset for fullt. Det var mange stolte forldre og besteforeldre i salen.
Det vart delt ut tre-års medalje til Louise, Ingrid, Anette, Anton og Ørjan, og sju-års medalje til Eirik, Simen, Trine og Kirsti. Korpset er heldige som har ein ein solid gjeng med unge og ivrige musikanter.
Før loddsalet vart avslutta og trekningen starta spelte korpset "The Fox" der aspirantane fekk vise at dei kan både spele, danse og syngje.
Vi fekk inn over 65.000,- eit strålande resultat.