|
Korpset har vore på stemne, i år gjekk turen til Lillehammer.
I dagane 01.06-03.06 var korpset med på Lillehammerfestivalen for skolekorps.
Stemnet var vellukka med ikkje altfor travelt program.
Laurdag spelte korpset utanfor Stortorget kjøpesenter. Det var frisk vind under konserten, notene flaug og notestativa bles ned. Men kosnerten gjekk greit likevel. Seinare på laurdagen var det oppmarsj gjennom sentrum. Korpset fekk pris for "stramheit og stil" trass i at vi ikkje hadde meldt oss på nokon konkurranse. Dette er tredje gongen korpset vinn ein pris for marsjeringa, så det er tydelig at dette er noko vi er gode på.
Søndag spelte korpset konsert utanfor Hunderfossen før turen gjekk heim til Sogn.
|