|
Korpsmusikk er viktig på 17.mai,som det er alle dei andre dagane i året. Og då lurer du kanskje på kor du kan høyre oss denne dagen?
Korpset spelar frå kaien til kyrkja på føremiddagen. Vi startar kl 10 og marsjerar saman med 17.mai-komiteen, her er det berre å vere med. Vi spelar ein liten konsert med nasjonalsongar utanfor kyrkja.
Klokka 12.15 går folketoget frå Kaupangsenteret til skulen via feltet.
Når vi kjem til skulen spelar korpset saman med aspirantane både nasjonalsongar og marsjar. 1.års- og 2.års-aspirantane skal få vise kor flinke dei er.
Hovedkorpset er lite, men aspirantane er mange og det blir kjekt for både store og små å vere ein viktig del av nasjonaldagen.
Me gler oss!
|