Værvarslet hadde lova oss regn og kulde på nasjonaldagen, men heldigvis var det ingen grunn til bekymring. Det var litt kjølig då vi stilte opp på kaien og spelte, men når du marsjerer og spelar i motbakke så får du fort opp temperaturen.
Etter første økt hadde vi brunsj på skulen. Takk til Kristi og Linn som laga til god mat til oss.
Deretter var det marsjering rundt byggefeltet og speling på skuleplassen. Korpset stilte manns- og kvinnssterke, med aspiranter og heile seks trommeslagarar.Tilbakemeldingane var veldig gode, det er god lyd av korpset.
Så får vi berre håpe at Kaupanger kan stille med korps i mange år framover.