Kaupanger skule- og ungdomskorps
Kaupanger skule- og ungdomskorps
 • Velkommen    • Jubileum 2016    • Informasjon    • Bilder    • Korpset    • Historie    

 

 

   Historie
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
 

 

 


Historie

Eit kjapt tilbakeblikk på korpset sin historie.

Det hadde tidlegare vore korps på Kaupanger men dette hadde vore nedlagt ein del år. I september 1966 tok Trygve Bakketeig kontakt med ny lærar på skulen, Jan-Tore Eresberg for å lufte moglegheitene for å komme i gang med eit korps. Ein del eldsjeler vart samla og eit styre vart samansett av representantar frå andre lag og organisasjonar i bygda.

Første møte i den nye organisasjonen var 10.10.66, som har blitt ståande som "bursdag" etter dette.

I starten var korpset eit skulekorps, men sidan 1969 har korpset hatt sitt noværande namn, Kaupanger skule- og ungdomkorps.

Korpset har etter dette vore eit viktig samlingspunkt i bygda og dei har stilt opp på alt som har vore av arrangement. Antall medlemmer har variert frå 20 til over 70. Dagens korps tel om lag 30 medlemmer og vi har plass til mange fleire.

Dette er ein veldig kort oppsummering, og korpset sin historie vil bli fortalt meir grundig når vi kjem skikkelig i gang med heimesida.